Mellom Himmel og Fjord
kunstlandskap hardanger

Om prosjektet

Kort omtale

Kunstnarane i den tverrfaglege kunstnarorganisasjonen Harding Puls i Hardanger har sidan 2004 gjort fleire enkeltståande prosjekt med kunst i landskapet og stadspesifikke kunststunt i saman med inviterte kunstnarar utanfrå.

Me har i 2016 gjennomført det 3. året av prosjektet Mellom Himmel og Fjord. SJÅ!
Nye kunstverk er på plass i dei same områda som me valde ut i 2104. Dei fleste av kunstverka frå 2014 og 2015 står framleis.
Publikum kan etter 3 år gleda seg over endå fleir kunstverk med stor variasjon i tema og utføring.

Det hardangerske landskapet har vore eit ikon for den nasjonale identiteten for Norge som vart skapt av kunstnarane på 1800-talet. Nasjonalromantikarane let seg inspirere av det storslagne i landskapet vårt, men dei sat utanlands og malte det.

Dagens kunstnarar har gjennom kunstprosjektet Mellom Himmel og Fjord. SJÅ!  tilnærma seg og gått fysisk inn i det same landskapet, og skapt kunstytringar utifrå dagens premissar.
Dialogen med vår eiga samtid, både lokalt og globalt er viktig for kunstnarane.
Tema for kunstverka spenner alt frå inspirasjon frå vår eigen regionale kulturarv til globale utfordringar både når det gjeld å ta vare på naturen og den kloden me bur på, og til flyktningkrisa me opplever i dag.

Ved å ta landskapet i bruk som ein kunstarena gjer me kunsten allmenn tilgjengeleg og publikum får både ei kunst- og ei naturoppleving på same tid.
Kunstnarane er både våre eigne frå Hardanger, og inviterte  kunstnarar frå Norge og heile Norden.

Dei 4 områda er:
– Langs vegen til Mælen i Jondal kommune.
– På museumsområdet på Utne i Ullensvang herad.
– Langs gang- og sykkelvegen ned til Hardangerbrua på Bu i Ullensvang herad.
– På Straumhaugen, langs Strandvegen og på Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund i Kvam herad.

Visjon og mål
– Gjere Hardanger til ein arena for – kunst i landskapet – kunstlandskap.
– Integrere kunstoppleving med naturoppleving for publikum.
– Styrkja identiteten til dagens og framtidas Hardanger som ein moderne kunstregionen, samtidig som bakteppe frå historia lever vidare.
– Skapa fagleg inspirasjon, utveksling, og samarbeid mellom dei profesjonelle kunstnarane som bur i regionen og nordiske kunstnarar.

Våren 2017 vert  kunstverk som ikkje ser bra ut lenge rydda vekk. Mens andre verk får stå lenger.

Prosjektleiing
Prosjektleiar: Solfrid Aksnes
Medlem av prosjektgruppa
:  Aud Bækkelund
Kurator: Kjell-Erik Ruud
Fotograf: Oddleiv Apneseth

www.hardingpuls.no
HP-logohardanger2014.no

FaceBook:

  • facebook