Mellom Himmel og Fjord
kunstlandskap hardanger

Kunstverket ”Planting” sin æra er over.

Kunstverket ”Planting” på Straumhaugen i Norheimsund sin æra er over.

Natt til fredag tok dei kraftige vindråsene tak i ”treet” på toppen av Straumhaugen og avslutta kunstverket til den finske kunstnaren Jaakko Pernu.

Det var Harding Puls som våren 2014 inviterte kunstnaren til prosjektet Mellom himmel og fjord. SJÅ! – Kunstlandskap Hardanger.
Den anerkjende kunstnaren Pernu har utført mange liknande kunstverk rundt om i verda. Kunstverka har ulike former, men er alle laga i same teknikk med trestammer og greiner frå det lokale området, og har ei avgrensa levetid med sin naturlege rotningsprosess.

Kunstnaren antyda at verket her hjå oss maksimum ville stå i 4-6 år i vårt våte klima.
Me er glad me fekk ha verket ”Planting” i seks år før treverket vart so rote at det ikkje sto imot ei sterk vindråse lenger.

Kunstverket lever vidare i boka Mellom Himmel og Fjord. SJÅ! utgitt på Skald forlag og av Harding Puls.

Kunstverket inspirerte også til eit eige musikalsk verk av komponisten Knut Vaage, tinga av Harding Puls. Verket vart framført i Galleri Puls med musikarar knytt til Harding Puls i 2016.

Me takkar Kvam kommune om løyve til å setja opp kunstverket på toppen av Straumhaugen, og andre hjelparar og sponsorar som gjorde det mogleg å få dette kunstverket i 2014.

Beste helsing Solfrid Aksnes

14MHFj. JaakkoPernu.Foto-OddleivApneseth-007

Foto: Oddleiv Apneseth

Planting tatt av vinden.Foto SolfridAksnes (2)

Foto: Solfrid Aksnes

juni 7, 2020
Kunstverket ”Planting” sin æra er over.