Mellom Himmel og Fjord
kunstlandskap hardanger

Transient Gate of Hope

På lørdag rydda me vekk  kunstverket i hotellhagen i Norheimsund. Kunstverket var laga av den finske kunstnaren Kari Södö i 2016 til prosjektet Mellom himmel og fjord. SJÅ!  Tittelen var: «Transient Gate of Hope» Det var inspirert (eller ein kommentar) til flyktningekrisa i 2015-2016.
Me takkar Thon Hotel Sandven som gav oss løyve til å setje det opp i hotellhagen og let det stå til me no vurderte at det ikkje var presentabelt lenger.

 

20201017_105829

På bilde: Geir Madsen og Aud Bækkelund.

oktober 19, 2020
Transient Gate of Hope

Kunstverket ”Planting” sin æra er over.

Kunstverket ”Planting” på Straumhaugen i Norheimsund sin æra er over.

Natt til fredag tok dei kraftige vindråsene tak i ”treet” på toppen av Straumhaugen og avslutta kunstverket til den finske kunstnaren Jaakko Pernu.

Det var Harding Puls som våren 2014 inviterte kunstnaren til prosjektet Mellom himmel og fjord. SJÅ! – Kunstlandskap Hardanger.
Den anerkjende kunstnaren Pernu har utført mange liknande kunstverk rundt om i verda. Kunstverka har ulike former, men er alle laga i same teknikk med trestammer og greiner frå det lokale området, og har ei avgrensa levetid med sin naturlege rotningsprosess.

Kunstnaren antyda at verket her hjå oss maksimum ville stå i 4-6 år i vårt våte klima.
Me er glad me fekk ha verket ”Planting” i seks år før treverket vart so rote at det ikkje sto imot ei sterk vindråse lenger.

Kunstverket lever vidare i boka Mellom Himmel og Fjord. SJÅ! utgitt på Skald forlag og av Harding Puls.

Kunstverket inspirerte også til eit eige musikalsk verk av komponisten Knut Vaage, tinga av Harding Puls. Verket vart framført i Galleri Puls med musikarar knytt til Harding Puls i 2016.

Me takkar Kvam kommune om løyve til å setja opp kunstverket på toppen av Straumhaugen, og andre hjelparar og sponsorar som gjorde det mogleg å få dette kunstverket i 2014.

Beste helsing Solfrid Aksnes

14MHFj. JaakkoPernu.Foto-OddleivApneseth-007

Foto: Oddleiv Apneseth

Planting tatt av vinden.Foto SolfridAksnes (2)

Foto: Solfrid Aksnes

juni 7, 2020
Kunstverket ”Planting” sin æra er over.

Vitalisering av kunstløypa til Mælen i 2020

Fire nye kunstverk kan opplevast langs vegen til Mælen, samt eit kunstverk som er oppgradert.

Frå 15. mai 2020 har denne løypa tretten kunstverk. Berre tre kunstverk har her vorte tatt vekk sidan starten av kunstprosjektet i 2014.

 

Prosess Mælen:

Aud-01_20200513_163007950_ Aud-06_Bør Judith-20200515_141932 Linda Lid-20200515_143247

mai 25, 2020
Vitalisering av kunstløypa til Mælen i 2020

Sesongopning 2016

Laurdag 14. mai og sundag 15. mai var det sesongopning av alle kunstløypene og dei nye kunstverka. Den Finske Ambassadøren med frue deltok heile opningshelga. Det markerte at 7 av kunstnarane var frå Finland av dei 21 kunstnarane som deltok.
Harding Puls har også ein utvekslingsavtale med Oranki Art som er eit tilsvarande kunstprosjekt ute i landskapet i Nord Finland.

 

Opning Bu

bu-1Svein Nå / Siri Ø. Kvalfoss  / Ordfører Solfrid Borge/ Guro Øverbye

bu-2Siri Ø. Kvalfoss bu-3Guro Øverbye bu-4Svein Nå

Utne

Utne-1 utne-2 utne-3 utne-4Wim van den Toorn utne-5Jyrki Poussu utne-6Jyrki Siukonen utne-7Johild Mæland Utne-8Els Geelen

Mælen

maelen-1 maelen-2 maelen-3Tuomas Korkalo maelen-4 maelen-5Pâivi Laakso

Norheimsund

nhs-1Wencke Kvalstad Eckhoff nhs-2Kari Södö nhs-3Judith E. de Haan nhs-4Felieke van der Leest

Norwegian SunSimone Hooymans

 

Fotoa er tatt av Aud Bækkelund

mai 20, 2016
Sesongopning 2016