Mellom Himmel og Fjord
kunstlandskap hardanger

Urframføring av Tingingsverket Planting.

Sundag  8. mai kl. 18.00 fekk eit 50-talls tilhøyrarar ei unik musikalsk oppleving i Galleri Puls i Norheimsund.

Komponisten Knut Vaage hadde på oppdrag frå Harding Puls, skrive eit musikkverk med utgangspunkt i Jaakko Pernu sitt visuelle kunstverk som står på Straumhaugen i Norheimsund. Verket vart skrive for 5 musikarar i Harding Puls og Vaage opna opp for noko improvisasjon og utvikla verket saman med dei deltakande musikarane.

 

Komponist: Knut Vaage.
Musikarar:
Benedicte Maurseth, hardingfele, song, lydobjekt
Reidun Horvei, song, lydobjekt
Silje Hveem, fløyte, piccolo, lydobjekt
Arild B. Nielsen, trompet, flygelhorn, lur, seljefløyte, lydobjekt

Geir Botnen, pianostrenger, lydobjekt

tingingsverket-3

tingingsverk-2

tingingsver-1

Tingingsverket Planting er støtta av:

DET NORSKE KOMPONIST FOND

Norheimsund Næringslag
image

HFK_stor

BKK_3D_Pos_Liten-2

april 13, 2016
Urframføring av Tingingsverket Planting.

Inspirasjon og synfaring i september 2015

I 2016 vil omlag 20 kunstnarar skapa fleire kunstverk i dei  4 områda.
13 av kunstnarane var samla til inspirasjon og synfaring siste helga i september.
Kvar kunstnar presenterte seg og sitt kunstnarlege virke for kvarandre. I tillegg tok me dei med på ein rundtur  til områda for kunstløypene.

IMG_1940 IMG_1906 IMG_1902 IMG_1901 IMG_1897 IMG_1917IMG_1895

Foto er tatt av Aud Bækkelund

MHfjord2-005

Foto er tatt av Oddleiv Apneseth.

november 20, 2015
Inspirasjon og synfaring i september 2015

Arbeidsprosessen

Guro Øverbye, foto: Oddleiv Apneseth :

 

Peder Istad, foto: Oddleiv Apneseth :

 

Nina Bang Larsen / Kristin Velle-Georg på Norheimsund:

 

Ingeborg Annie Lindahl på Mælen:

 

Bjørn Kromann-Andresen sitt verk, med kollega Jens Rømer, på Mælen:

 

Johild Mæland på Bu:

 

mai 19, 2015
Arbeidsprosessen

KUNSTVERK forsvunne frå parken i Norheimsund.

Kunstprosjektet Mellom Himmel og Fjord. SJÅ! 2015 hadde 1. pinsedag opning av nye verk i kunstløypa langs Strandvegen i Norheimsund. Samtidig skulle kunstverka frå 2014 også presenterast. Det viste seg at verket til Felieke van der Leest var borte. Berre namneskiltet hang igjen. Kunstverket ”Kamuflasje Hjort med Skyteskive Anheng” var montert høgt oppe i eit av trea langs Strandvegen. Den eller dei som har tatt dette verket må ha klatra eller hatt hjelpemiddel for å kome seg opp til kunstverket og kutta feste. Og det må ha skjedde ein av dei siste dagane.
Fleire av kunstnarane i Harding Puls var i områder i sist veke og kan bekrefta at kunstverket hang på plassen sin midt i veka. Saman med kunstnaren og prosjektleiinga i Harding Puls var det 60 -70 personar med på opningsrunden på sundag som fekk seg ein svært trist overrasking då me kom til plassen som verket skulle vera.

Me vil oppmoda den eller dei som har tatt kunstverket om å levera det tilbake, enten til leiar i Harding Puls Solfrid Aksnes eller til kunstnaren.

 

HaPu-004

20150524_164924

IMG_1101

Skilt-felieke

mai 19, 2015
KUNSTVERK forsvunne frå parken i Norheimsund.